Næringsalliansen logo

Næringsalliansen Vestland

Ved inngangen til 2021 endrar Næringsalliansen namn frå Næringsalliansen i Hordaland til Næringsalliansen Vestland. Årsaka er at alliansen no femner om heile Vestland fylke. Sogn og Fjordane Næringsråd er frå 1.januar 2021 fullverdig medlem. Med dette blir eit samarbeid som i praksis har fungert svært godt sidan 2019 formalisert.

Formål og strategi

Næringsalliansen i Hordaland blei etablert i 2008. Som ein konsekvens av at Sogn og Fjordane Næringsråd finn ein plass i fellesskapen, har den tolv år gamle samarbeidsavtalen blitt revidert. Næringsalliansen Vestland skal framleis vere grunnlaget for eit forsterka og inkluderande samarbeid mellom dei private næringsforeiningane i regionen. Den nye avtalen peikar vidare på fire hovudmål:

  • Meir kraft i påverknads- og lobbyarbeidet, særleg regionalt og nasjonalt.
  • Fellesorganisert talerøyr ovanfor Vestland fylkeskommune.
  • Framstå samla i utvalde saker, også som høyringsinstans regionalt og sentralt.
  • Utveksling av kunnskap og erfaringar, nettverksdeling.

Følgjande utvalde regionale næringspolitiske tema og arbeidsmetodar er særleg viktige:

  • Tilrettelegging for vekst og verdiskaping i næringslivet i Vestland.
  • Ei grøn og berekraftig omstilling på vegen mot eit klimanøytralt Vestland i 2030.
  • Kompetanse, rekruttering, utdanning og forsking.
  • Relasjonar til lokale, regionale og sentrale styresmakter.
  • Infrastruktur på Vestlandet.

Viktige saker i 2020

Gjennom året er det gjennomført ei rekkje medlemsundersøkingar. Den første blei presentert på fylkesordføraren sitt dialogmøte den 24.januar. Då melde medlemmane i heile fylket om optimisme og etterspurde kompetanse og arbeidskraft. Dette endra seg få veker seinare, då koronaepidemien gjorde seg gjeldande. Den mest synlege konsekvensen for arbeidet i alliansen har vore at planlagde fysiske møte har blitt avhaldne digitalt eller avlyst.

Regional plan for innovasjon og næring danna grunnlaget for Næringsalliansen sitt viktigaste arbeid i 2020. Vestland fylkeskommune bad om innspel til planprogrammet. Den 8.april sende Næringsalliansen eit brev med framlegg om å utarbeide ein scenarioanalyse for næringslivet i Vestland. Dette blei tatt til følgje, og før sommaren utlyste fylket eit tilbod som EY vann. Næringsalliansen fekk høve til å ta aktivt del i prosessen. Analysen – «Vestlandsscenarioene» – blei lansert i oktober og har fått mykje fortent merksemd. Det er liten tvil om at analysen vil leggje føringar for arbeidet i alliansen også i 2021. Det var planlagt eit seminar med dette som hovudtema i november, men det var ikkje mogleg å gjennomføre av omsyn til smittevernet. Det vil bli kalla inn til ei slik samling så snart det er praktisk mogleg.

Vekst i Næringsalliansen

Aktiviteten i Næringsalliansen har auka monaleg gjennom året, og det ser ein også i tilveksten av nye næringsforeiningar. I tillegg til at samarbeidet med Sogn og Fjordane Næringsråd er blitt formalisert, har også Bømlo Næringsråd, Kvinnherad Næringsservice og Tysnes Næringsråd slutta seg til alliansen.

Den aukande aktiviteten medfører eit behov for meir ressursar. I den reviderte samarbeidsavtalen er det semje om ei forsiktig justering av medlemskontingenten. Det er også gledeleg at Sparebanken Vest har gitt positive signal om økonomisk stønad til alliansen.

Næringsalliansen Vestland er ved inngangen til 2021 samansett av desse 15 næringsforeiningane:

  • Bergen Næringsråd
  • Austevoll Næringsråd
  • Bjørnafjorden Næringsråd
  • Bæmlo Næringsråd
  • Fikse – Etne og Vindafjord Næringsutvikling
  • Hardanger Industri
  • Kvam Næringsråd
  • Kvinnherad Næringsservice
  • Nordhordland Næringslag
  • Osterøy Industrilag
  • Sogn og Fjordane Næringsråd
  • Stord Næringsråd
  • Tysnes Næringsråd
  • Vaksdal Næringsselskap
  • Vest Næringsråd